Espen ble reddet av nye lunger

Etter lungetransplantasjonen kunne Espen delta i et løp for første gang i livet. Her avbildet sammen med sin eldste datter. Foto: Privat.

Espen ble født med en alvorlig sykdom, som gradvis ødela lungene og hjertet hans. I 2021 var lungene blitt så dårlige at nye var hans siste håp. Heldigvis kom de i tide. Nå nyter han livet som frisk. Her er hans historie.

Støtt vårt arbeid for alle som venter med et fast månedlig beløp, og bidra til at flere liv reddes!

– Eg var like letta kvar gong eg reiste heim frå Rikshospitalet og hadde lurt meg unna venteliste for lungetransplantasjon. Viss det var noko eg absolutt ville prøva å unngå var det lungetransplantasjon, det vart min største frykt. Men i 2021 vart min første sommar utan ein einaste fjelltur, fordi eg ikkje orka meir.

Berre det å gå opp ein etasje i trappa heime var tungt og krevde pause. På utredninga på Rikshospitalet den sommaren gjekk det såpass dårleg på gangtesten, at eg ikkje tok opp diskusjonen med legane, eg sa at no forstår eg at dette ikkje går lenger.

Det  var vanskeleg å innrømma det, for eg hadde tross alt det som eg sjølv definerte som eit godt liv, og var nøgd med det. Likevel forstod eg at dette var min einaste sjanse, og no måtte eg sjå om eg fekk opptak til ventelista slik at det ikkje vart for seint for meg.

Espen sammen med sin kone og tre døtre. Foto: Privat

Min store motivasjon var familien min, dei tre døtrene mine som eg hadde så lyst å vera til stade for. Og ikkje minst at eg hadde så mykje som eg skulle ha gjort i dette livet. Eg hadde ikkje lyst eller tid til å døy!

Støtt vårt arbeid for alle som venter med et fast månedlig beløp, og bidra til at flere liv reddes!

39 år gamal vart eg sett på ventelista for lunger, og eg var heldig å slapp å venta lenge. Eg bur i ein utkant av utkanten, usentralt, langt frå Rikshospitalet og Oslo. For å nå fram i tide var det berre transport med fly som var aktuelt. Heile denne reisen tok berre to timar og fem minutt. Det er utruleg og imponerande. Eg er glad eg bur i Norge og kan nyta godt av eit slikt apparat som er i stand til å organisera noko slikt.

Utfallet mitt er ikkje noko anna en fantastisk, og det vert ofte omtala som ei solskinshistorie. Og ja, det er det. Men likevel ligg det 39 år med tidvis store utfordingar bak. Det har vore mange tøffe gymnastikktimar, tunge gåturar, kjedlege kjensler når ein må stå over på grunn av helsa, og tankar, usikkerheit, og uvisse. Tida etter transplantasjonen har også vore prega av smerter, frykt og viss skjær i sjøen. Men det som har prega tida mest no etterpå er optimisme og gode kjenseler.

Tenk å for første gong kunne jogga ein tur ute på 30 minutt, eller gå ned i kjellaren å springe fem kilometer på tredemølla etter å ha vore på jobb heile dagen.

Det er ikkje sjølvsagt å kunne gjere slik! Men det kunne eg denne sommaren, 40 år gamal. Livet er veldig annleis no enn før, eg er i 100% jobb, deltidsstudent, kan trena, vera med ungane mine, ta min del av husarbeidet og likevel sleppa å kvila eller sova middag – og likevel har eg overskot! Eg må ikkje gløyma at eg slepp å ta heis no, eg kan heller velja trappa.

Eg er i live, og kan for første gong kjenna på det å vera frisk.

Alt dette som eg no har gleda av å få oppleva kan eg, for utanom helsevesenet og det apparatet me har i Norge, takka donoren og familien, dei som sa JA.

Eit enkelt ord å sei, men ein vanskeleg situasjon å vera i. Ikkje berre har dei sørga for at eg får oppleva alt dette. Tenk på dei rundt meg – døtrene mine, kona mi, foreldra mine, bror min og hans familie, bestemødrene mine, sambygdingar og ikkje minst vennene mine. Dette har betydd minst like mykje for dei som for meg. Me er mange som er takknemlege.