Mommos historie

Alice Tungen sittende bak rattet i en bil med barnebarnet Edvin på fanget
Alice Tungen med barnebarnet Edvin. Foto: Privat

Mannen min, Ola, har hatt diabetes sidan han var fjorten. Etterkvart gjekk sjukdommen utover nyrene hans, og han hadde til slutt godt under ti prosent nyrekapasitet.

Vi var glade da vi fann ut at eg kunne donere den eine nyra mi til han. Dermed slapp han også dialyse.

8. mai 2017 var vi begge innlagte på Rikshospitalet og Ola fekk ei frisk nyre – og eit nytt liv. Han blir 73 år i juni i år, og er framleis i fullt arbeid. Dette har gjort at familien vår har prata mykje om organdonasjon og at vi har tatt eit klart standpunkt.  Livet i familien vår gjekk videre.  Vi hadde åtte fine barnebarn og gleda oss over å ha dei på besøk.

På seinsommaren 2020 var vi på setra vår på Kvamsfjellet med to av barnebarna, Idun og Edvin.  Vi skulle passe på dei medan foreldra bygde om leilegheita på Sagene i Oslo. Ungane skulle få kvart sitt soverom og gledde seg stort til det. Edvin skulle starte i andre klasse. Han hadde starta nedtellinga til sjuårsdagen sin og var opptatt av kva gåver han ville få. Barnebarna liker seg godt på setra vår. Det er ein god plass å vere, trygg og roleg på alle vis.

Edvin på båttur sammen med morfaren sin Ola Tungen
Edvin med morfar, Ola Tungen. Foto: Privat

Det utenkjelege

Ein kveld nokre dager før ungane skulle heim til Sagene, skjedde det mest utenkjelege. Edvin fekk uten forvarsel ei alvorlig hjernebløding.  Han sat og åt kveldsmat, og fekk brått vondt i hovudet. Vi gav han Paracet, la ein kald klut på panna hans og la han i senga. Eg ringte legevakta, og mens eg prata med dei kasta han opp. Da skjønte vi alvoret. Vi kasta oss i bilen og køyrde til næraste legevakt, på Vinstra. Luftambulanse vart rekvirert og på veg frå Dombås. Eg fekk vera med i helikopteret til Oslo, der dottera mi og mannen hennar venta. Idet vi landa, slutta Edvin å puste.

Inne på Rikshospitalet sat foreldra til Edvin inne på eit venterom, og eg venta der i lag med dei, framleis kledd i shorts og t-skjorte. Det vart nokre lange timar. Langt om lenge kom fleire alvorlige legar inn og fortalte at Edvin ikke kom til å klare seg.  Om lag tre timar etter at han vart dårleg, var han altså død.

Der på sjukehuset, i seine nattetimar, midt i sjokket og sorga, tok foreldra til Edvin det viktige valet om å donere Edvin sine organ. Etter kvart fekk vi vite at heile fire barn fekk ei ny sjanse til eit godt liv med friske organ. 

Alice

Eit minne om Edvin

Det har nå gått to og eit halvt år sidan Edvin døydde. Om sorga er eit sår, er ikkje såret like vondt lenger. Det har danna seg ei skorpe som dekker det.  Men det er fort gjort å kome borti det, og da blør det på nytt.  Med tida vil det bli eit arr som ikkje gjer vondt og som ikkje blør, men det blir der som eit minne om Edvin.

Stiftelsen Organdonasjon sin logo, hjertemannen, utført som gullsmykke i kjede
Hjertemannen som smykke. Foto: Gullsmed Frisenberg

Eg har lenge gått og tenkt på at eg skulle få laga meg eit smykke til minne om Edvin, den vakre guten vår som døydde altfor tidleg. Han ville så mykje og hadde så mange planar. Han gav oss som var glad i han så mykje i løpet av sitt korte liv. Som motiv på halskjedet ville eg ha den vakre logoen til Stiftelsen Organdonasjon. Eg kontakta gullsmed Frisenberg på Lillehammer, og han tok oppdraget på strak arm. Det vakre smykket vart gåve til meg på 70-årsdagen min frå mannen min, Ola.

Ein veit aldri kor kort eller langt livet vil bli. Min oppfordring er: Ta praten om organdonasjon. Det kan redde mange liv.