Organdonasjon

Mitt liv, din død

Av: Jarle Natland, politisk kommentator i Stavanger Aftenblad

Eller var det omvendt? Førre årsskifte venta 418 menneske i Norge på transplantasjon av organ. 12 skulle dø i kø.

donor-stavanger-aftenblad-crop
Illustrasjon: Svein Olav Joakimsen

Ein travel ettermiddag på Arneageren i Stavanger står det brått to unge og velviljuge menneske der og spør om du vil donera vekk kroppen din. Berre i tilfelle du døyr.

Eit valdsamt spørsmål å bli stilt der du eigentleg hasta frå salet på Rolfsen og inn i varmen på Renaa Express.

Tilgangen på donorar veks ikkje i takt med veksande behov for organ. Behovet veks dels av di me vert eldre, dels av aukande tal på livsstilsjukdomar og dels av at fleire får tilbod om transplantasjon. Der veikt hjarte, alvorleg lungesjukdom eller sviktande lever før var skrifta på veggen og relativt raskt kroken på døra, har den teknologiske og medisinske utviklinga gitt mange av oss ei ny von. Så sant det finst donorar nok.

Du sit med kaffien og spør deg sjølv som Bob Geldof i sjølvbiografien: Is this it?

Samvitet, samvitet

Dersom samfunnskjensla og den generelle kjensla av dårleg samvit skulle vinna gjennom, har du brått fått med deg eit lite merke, eit donorkort du kan fylla ut og legga i lommeboka eller gløyma igjen nedst i fôret i vinterjakka når våren kjem. Dei telefonsmarte blant oss kan lasta ned ein app på mobilen.

Men er dette alt? Du vert ikkje registrert nokon stad. Donorkortet kan du legga igjen på kafébordet til neste gjest eller ein vaken servitør. Du sit med kaffien og spør deg sjølv som Bob Geldof i sjølvbiografien: Is this it?

Ja, det skal ikkje meir til. Det held at du går heim og fortel dine nærmaste at du er viljug til å vera organdonor. Dine nærmaste kan vera alt frå familie, vener, kollegaer, fastlege eller naboar.

Dersom du råkar uheldig ut, fortrinnsvis då i tilfelle av brå og uventa død, vil dei kunne gje svar til rette vedkomande. Dermed kan di lever, ditt hjarte, dine nyrer og anna overleva deg og gje nytt liv til andre.

Dei mest ihuga legg organdonor-symbol inn på mobiltelefonen sin som skjermbilete, men overtruiske personar, som underteikna, meiner at der går grensa for kva me skal våga oss inn på. Det kan gå troll i ord, veit me.

12 av dei som stod på venteliste, døde i kø same året

Dårleg statistikk

Men det vesle donorkortet er nok til å setja i gang ein tankeprosess. Statistikken er tydeleg: I 2014 vart det registrert 116 donasjonar frå avdød gjevar. Det tilsvarar i underkant av 23 donasjonar per million innbuar, og då hamnar me eit stykke ned på donorlista i verda, sjølv om me er vesentleg betre enn våre nordiske naboar. Beste land i verda er Spania, med 35 donasjonar per million.

Full statistikk for 2015 har me ikkje enno. Men i 2014 var det gjennomført 116 donasjonar frå avdøde og 68 nyre-donasjonar frå levande gjevar. 12 av dei som stod på venteliste, døde i kø same året. Sidan den første transplantasjonen i 1969 har 10.653 menneske fått nye organ i Norge. Mange av dei er enno i live i dag.

Færre dødsulykker

Ein faktor som har ført til relativt sett fallande donortal i Norge på 2000-talet er den elles så ettertrakta nedgangen i alvorlege trafikkulykker med døden til følge. I 1998 omkom 352 menneske i trafikken. I 2014 var tilsvarande tal 147.

Sidan ingen vil arbeida for fleire dødsulykker i trafikken, er det naturleg å utvida tilgangen på donarar mest mogleg. Ei undersøking på oppdrag frå Stiftinga Organdonasjon viser at om lag 70 prosent av oss seier ja til organdonasjon ved førespurnad.

Men framleis seier altså kvar tredje pårørande nei til spørsmål om vår kjære avlidne skal gje nytt liv til andre. Ofte kjem spørsmålet frå sjukehus og legar brått og uventa i ein situasjon ingen av oss har tenkt seg inn i på førehand, ein situasjon prega av sjokk og ekstremt stress. Samstundes er me usikre på kva avdøde sjølv ville ha ønska.

Aftenbladet trykte i fjor haust soga om Alexander Huth Mæland frå Hundvåg – som døydde i ei trafikkulykke i august 2001, 16 år gamal. Han hadde tilfeldigvis sagt til mor si året før at han ville vera organdonor dersom det utenkelege skulle skje. No berga hans død livet til fire andre menneske og gav ein blind synet tilbake.

Gå heim til dine nære og kjære og drøft grundig for og imot om de skal bli organdonorar.

Haldningsendringa

Løysinga på donormangelen kan ikkje vera som FpU-formann Atle Simonsen foreslo for eit par år sidan: Å gje 1000 kroner i symbolsk gåve til dei som melder seg som donor. Løysinga må vera informasjon og auka bevisstgjering på kva me seier ja eller nei til – i tråd med det velkjente og til dels hardt latterleggjorde mottoet «her treng me ei haldningsendring».

Ikkje overraskande var det at me såg ein markant oppgang i talet på donasjonar etter den prisløna TV2-serien «Livet på vent» i 2011, om kvardagen ved transplantasjonsavdelinga på Rikshospitalet. Der trefte me mellom anna lungesjuke Sigrid, hjarteveike Torleiv og småbarnsfaren Anders, som var i desperat trong for ny lever viss han skulle sjå sonen veksa opp.

Snart fem år etterpå er effekten av TV2-serien i ferd med å falla, men behovet er som sagt større enn nokon sinne. Slik sett har donorkort-utdeling på Arneageren ein viktig misjon.

Resten er einfelt nok. Labb no heim frå kafeen med lappen i lomma, eller stikk innom apoteket og plukk med deg eit donorkort der. Gå heim til dine nære og kjære og drøft grundig for og imot. Konkluder fortrinnsvis med at her finst inga nedside – og sei at også du er organdonor.

Tidligere publisert i Stavanger Aftenblad

Skriv ut Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.