Organdonasjon

Endeleg vaken!

Tekst: Susanne Førde   Foto: Colourbox

Kurve som peker både opp og ned. Bukspyttkjertel transplantsjon

Har aldri møtt deg, veit ikkje kva du heite, kor gamal du er, ikkje eingong kva kjønn. Likevel så har du ei så stor innverknad på min kvardag og ikkje minst framtida mi. Sjølv om eg ikkje veit noko om deg, har eg ei kjensle på at eg kjenner deg. Du gav meg eit liv verd å leve i form av ein bukspyttkjertel, som knapt veg i overkant av 100gram og er ikkje lenger ein ca 20cm, noko så lite men likevel stort.

Det du gjere med meg

Enkelte transplanterte fortel at dei får ei kjensle av at donor var ein mann, kvinne, ung eller gammel. Eg har fått ei kjensle av ein sprudlande og lattermild person, for du får meg til å smile – kvar einaste dag, du vekkjar meg kvar morgon klokka halv sju, og alltid fem minuttar før klokka ringje – nett som om du driv gjøn med meg. For meg som har vore B-menneske sida tidenes morgon, så var det ei stor overgang å vere lys vaken klokka halv sju på morgonen. Men det gjere ingenting, for no har eg endeleg nok energi til å vere vaken og nyte heile dagen.

Kva no?

Diabetes mellitus type 1 flytta inn i kroppen min året eg fylte ni, som allereie er 17 år sida. Når eg vakna opp etter operasjonen var det til eit liv eg ikkje hadde noko kjennskap til, og eg må ærleg innrømma at det har skremd meg mange gonger. For kven var eg utan diabetes? Kva skulle eg fordrive tida med når eg ikkje telte karbohydratar eller fiksa følingar? Kva skulle eg tenkje på når eg ikkje lenger skulle vere redd for kva retning blodsukkeret skulle ta, eller planlegge korleis eg skulle lade opp til samankome med familie og venner?

Høgt og lågt

Som med mange som lev med diabetes, så var ingen dag lik. For min del så kunne ein dag i mitt liv med diabetes innebera mange timar med føling, fleire gonger opp til 12 timar til tross for inntak av enorme mengder honning eller anna mat, heilt til eg måtte kaste opp. Eller mange mindre hypoglykemi (lågt blodsukker) og hyperglykemi (høgt blodsukker) til dagen, det kunne sprette frå 2 til 30 heilt utan vidare. Alle desse svingingane og anfalla med høgt eller lågt blodsukker, sleit meg heilt ut slik at eg måtte bruka mine fridagar og frihelger til å sove. Eg kunne legge meg etter skule på fredag og sove heilt til måndags morgon, berre avbrote av mat, blodsukker eller toalettbesøk.

Stor belastning på kroppen

Blodsukkersvingingar, hypo og hyperglykemi, eller når det gjekk heilt til ytterkantane som insulinsjokk og syreforgifting, utgjere ein svært stor belastning på kroppen. Kjem dei ofte nok, får man aldri moglegheit til å hente seg inn igjen. Mange målingar med blodsukker, gjerne opp til 50 gonger dagleg gjorde at eg ikkje fekk samanhengande søvn på mange år. Glukosesensor klara ikkje å fylgje blodsukkeret mitt, så den gav eg opp.

Vanskeleg tid

Å få føling eller insulinsjokk var svært audmjukande for meg, eg bad sjeldan om hjelp. Dette er det ikkje alle som forstår. Men augeblink som å sitte naken og innsmurt i honning på kjøkkengolvet samstundes du et ifrå bosset, eller tømmer matskapet med eit blikk som kan drepe den som kjem i vegen, er ikkje augeblink du har lyst å dele med andre.

Vil eg vakne?

Mi største frykt var leggetid, frykta for å aldri vakne opp igjen var kvelande og har gjeve mange vanskelege stunder. Samstundes har det nesten vore eit ynskje om å aldri vakne opp igjen, man er så sliten at man veit ikkje kvifor man kjempar for å overleve ein dag til, for å få ein ny dag med nye tårer og nye blodsukkersvingningar.

Tusen takk for at du har gjeve meg moglegheita til å vera den tanta, venninna, systera, dottera, kollegaen, sjukepleiaren og menneske eg alltid har hatt eit ynskje om å vera.

Du har ikkje berre gjeve meg eit nytt liv, du har gjeve meg eit heilt liv som handlar om meir ein berre å overleve; nemleg å leve!

Fordi du bruka 3 sekund på å sei «eg er organdonor».

Takk!

Skriv ut Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+

1 kommentar

  1. Knut Dahlen sier:

    Kjempebra skrevet:-) Kjenner meg godt igjen i din beskrivelse​.Hadde diabetes type 1 i 41 år,før jeg fikk ny pancreas,og da snudde livet mitt til det ugjenkjennelige:-) Takker hjerteligst for nytt liv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *